Om A og J Bjordal AS

Om A og J Bjordal AS

A og J Bjordal AS har fire tilsette. Til saman har vi over 40 års erfaring innan bransjen. Jan Arild byrja som sjåfør på Volvo baklastar i grustaket til sin far Trygve i 1969-70. Trygve var på den tida gardbrukar og dreiv eige grustak. I 1973 kjøpte Jan Arild sin første maskin; ein ny Volvo 1240 hjullastar. Med den tok han oppdrag for Statens vegvesen. I byrjinga av 80-talet vart Bjordal Grus og Maskin stifta. Eit familieeigd selskap av Trygve, Jan Arild og Helge Bjordal.

Bjordal Grus og Maskin (BGM) starta i 1984 med mobilt knuse- og sorteringsverk. Med dette utstyret i tillegg til ein moderne maskinpark vart det utført arbeid med damanlegg Nyset-Stedje-vassdraget i Årdalsfjella, utbetring av løypetrasè i Hemsedal skianlegg, utbygging ny løypetrasè i Grønndal i Hemsedal, knusing for Statens vegvesen på Vøringsfossen, utbygging av oljeterminalen på Kolsnes, og det største oppdraget til BGM: Utbetring av ny E39 Langeland-Skilbreid 1992-94. På den tida hadde BGM 18 faste tilsette.

I 1994 avslutta BGM si entreprenørverksemd og gjekk over til stasjonert pukkverk med maskinar og utstyr i grustaket i Bjordal. Jan Arild heldt fram som entreprenør. Atle er son til Jan Arild og byrja å arbeide i pukkverket i Bjordal i 1996. I 2006 vart A og J Bjordal AS stifta.

Kva gjer vi?

Vi utfører små og store oppdrag; alt frå transport av hagesingel for private, til bygging av større vasskraftverk. Vi er godkjente for ansvarsrett klasse 2.

ansvarsrett_logo_sort_liten
mef-hjulet_sort

Har du spørsmål kring nokre av tenestene våre?

Send oss ei melding – eller ring oss for ein hyggeleg prat.

Vi kjem gjerne på ei uforpliktande synfaring! 

Telefon: 975 71 914
E-post: atle.bjordal@enivest.net




    Lang røynsle

    Lokalkjende

    Gode referansar