Plastring
Sjøfylling
Utviding av tomt på fiskeanlegg.
Maskinentreprenør i Sogn og Sunnfjord
Bjordalsvegen 34, 5962 Bjordal

Referansar
Eit utval av oppdrag vi har utført for private og næringsliv i ytre Sogn og Sunnfjord.
Plastring
Utviding av tomt på fiskeanlegg.
Graving, boring og sprenging
Grunnarbeid for produksjonshall og utviding av tomt på fiskeanlegg. Vi utførte alt grunnarbeid for ny produksjonshall, samt lasting, transport og utfylling av 150 000 m³ stein og plastring mot sjø.
Graving, boring og sprenging
Vi utførte boring, sprenging, lasting i tunnel, massetransport, bunnrensk i tunnel, muring og plastring av bekkeinntak og fyllingar.
Graving, boring og sprenging
Bygging av Krokevatn kraftverk for BKK i Stordalen på fjellet mellom Bjordal og Matre i 2008–2009. Vinterpause frå november 2008 til juni 2009.
Prosjektet omfatta 830 meter røyrgate, 600 meter fjellgrøft, 200 meter grøft på fylling og 30 meter røyrgate i tunnel. Grøftedjupna var opptil 6,5 meter.
Vi utførte grunnarbeid for kraftstasjonstomt, boring, gravearbeid, masseflytting og røyrlegging. Sprenginga vart utført i samarbeid med Arve Dyregrov Fjellsprenging.
Oppdragsgivar: Yri Sand AS
Graving, boring og sprenging
Arbeid utført for Midtunkraft AS i 2012 og 2013. Vi la 670 meter GRP-røyr i grøft og utførte grunnarbeid ved kraftstasjon og inntaksdam.
Plastring
Bygging av småbåthamn.
Plastring
Arbeid på Lavik ferjekai.
Plastring
Plastring i sjø ved Florø lufthamn i 2006. Totalt 6 000 m².
Oppdragsgivar: Valdres Anlegg AS
Graving, boring og sprenging
Boring av grøft for overvassleidning i samband med bygging av redningshelikopterbase ved Florø lufthamn våren 2009. Vi utførte også 200 m² muring ved terminalbygget.
Oppdragsgivar: Entreprenørservice Florø
Muring
Muring av støydempingsvoll på Fjord Base i Florø i 2007–2008. Etter utfyllinga utførte vi plastring i sjø og massetransport med dumpar.
Vi utførte 2 000 m² muring og 3 800 m² plastring.
Oppdragsgivar: Yri Sand AS
Muring
Opparbeiding av 2 mål strandareal for bygging av naust og sjøbuer i Leirvik i Sogn vinteren 2009.
Arbeidet omfatta boring og sprenging av 2 000 m³ fjell, plastring og muring i sjøen, samt bygging av ny tilkomstveg til eigedomen.
Oppdragsgivar: Stordalen Tomteselskap AS
Graving, boring og sprenging
Vi utførte grunnarbeid for industrihall til settefiskproduksjon. Arbeidet omfatta masseflytting, plastring, muring, grøftegraving, planering og grusing av uteområdet.
Steinknuseverk
Vi utførte grunnarbeid for oppdrettsanlegg på land, samt produksjon og levering av singel, sand og grovpukk frå knuseverket vårt.
Graving, boring og sprenging
Grunnarbeid for mjølkefjøs.
Graving, boring og sprenging
Grunnarbeid for ny driftsbygning/fjøs på Wergeland Gard sommaren og hausten 2010. Boring og sprenging av 3 000 m³ fjell.
Muring
Vi opparbeidde hustomt og leverte stein til muring og fylling frå eige massetak.
Muring
Opparbeiding av tre hustomter på Sætre i Gulen kommune i 2007. Muring med stein sprengt ut frå kvar tomt. Boring og sprenging av om lag 3 000 m³.
Graving, boring og sprenging
Bygging av skogsbilveg for grunneigarane i Bjordal vinteren og våren 2009. Eit utfordrande arbeid i svært bratt og krevjande terreng, med boring og sprenging langs store delar av vegtraseen.
Plastring
Erosjonssikring av skråning på nye E39 i Romarheimsdalen vinteren og våren 2008. Vi utførte også muring og boring i vegtraseen.
Oppdragsgivar: Mesta
Massetransport
Rv. 5 Skei–Kjøsnes i Jølster kommune, 2005–2006. Masseflytting med dumpar og plastring langs strandpromenaden på 4 700 m². I tillegg utførte vi 300 m² muring i båthamna.
Oppdragsgivar: Valdres Anlegg AS
Plastring
Vi bygde ein molo hausten 2013.
Plastring
Arbeid på Fjord Base i Florø hausten 2009. Plastring i sjø, boring, grøftearbeid og sprenging i samband med arealutviding for nytt røyrlager.
Oppdragsgivar: Yri Sand AS
Uforpliktande synfaring
Ring oss eller send ei melding, så kjem vi ut til deg og ser på oppdraget. Ei synfaring er sjølvsagt uforpliktande.